Rettleiing til politikarar
Når skal du som politikar informere Karantenenemnda?
Du har informasjonsplikt i 18 månader etter avslutta politisk verv. Informasjonsplikta er regulert i karantenelova § 5.
Plikta gjeld dersom du går over til stilling eller verv utanfor statsforvaltninga, eller etablerer eiga næringsverksemd.
Informasjonsplikta gjeld ved overgang til privat verksemd, anten verksemda er kommersiell eller ideell, og ved overgang til interesseorganisasjonar. Overgang til statseigde verksemder som er organiserte som eigne rettssubjekt, til dømes statsføretak og statsaksjeselskap, er òg omfatta. I tillegg er overgang til stillingar i kommunal sektor omfatta.
Med verknad frå 1. juli 2025 er informasjonsplikta utvida. Plikta omfattar no at du òg skal gi opplysningar til nemnda dersom det skjer endringar etter tiltreding i stilling eller verv, eller etter oppstart i eiga næringsverksemd. Dette gjeld slike endringar:
- kva for sektor eller bransje du skal arbeide i,
- kontakt med styresmaktene, og
- den organisatoriske plasseringa av ei stilling, eit verv eller ei næringsverksemd.
Denne plikta gjeld òg i 18 månader etter avslutta politisk verv.
Når du som politikar ikkje skal informere Karantenenemnda
Du har ikkje informasjonsplikt om overgang til partipolitisk arbeid eller politiske verv i Stortinget, kommunar og fylkeskommunar. Det same gjeld dersom du får stilling eller verv i ei verksemd som er en del av statsforvaltninga.
For informasjon om overgang til stilling eller embete i departementa, sjå politikeres overgang til stilling i departementene (regjeringen.no).
Melding til Karantenenemnda
Når du skal sende informasjon til Karantenenemnda, skal du nytte standard meldingsskjema.
Meldingsskjemaet skal sendast som vedlegg på e-post til karantenenemnda@dfd.dep.no.
Før du sender melding må datoen for tiltreding i stillinga eller vervet vere fastsett.
Skal du informere om etablering av eiga næringsverksemd, må verksemda vere registrert i Brønnøysundregistra og ha føretaksnummer før du sender melding til nemnda.
Skal du informere om overgang til fleire verv eller stillingar må du fylle ut meldingsskjema for kvart enkelt verv eller stilling. Det same gjeld ved etablering av eller overgang til fleire eigne verksemder.
Har du behov for rettleiing om utfylling av meldingsskjemaet kan du ta kontakt med sekretariatet for Karantenenemnda.
Frist for å sende melding
Du skal gi opplysningar til Karantenenemnda minst tre veker før overgangen finn stad, eller før endringar som nemnde ovanfor trer i kraft. Skal du tiltre ei stilling eller eit verv vil dette vanlegvis vere den avtalte datoen for tiltreding.
Kva for opplysningar du skal gi
Informasjonsplikta inneber at du skal gi nemnda dei opplysningane ho treng for å gjere vedtak etter lova.
Du skal mellom anna gi nemnda opplysningar om:
- oppgåver og ansvar i den politiske stillinga eller embetet,
- konkrete saker eller saksområde du har arbeidd med eller vore involvert i,
- ansvar og oppgåver i den nye stillinga, vervet eller i eiga næringsverksemd,
- kva for bransje verksemda opererer innanfor, og kva for produkt eller tenester dei leverer.
I dei fleste tilfelle vil eit fullstendig utfylt meldingsskjema dekke dei opplysningane som nemnda treng for å handsame saka. Nemnda kan likevel ha behov for å innhente fleire opplysningar. Informasjonsplikta omfattar også slike tilleggsopplysningar.
Forbod mot å tiltre stilling, verv eller starte opp drift i eiga næringsverksemd
Du kan ikkje tiltre stillinga eller vervet, eller starte opp drift i eiga næringsverksemd før Karantenenemnda har gjort vedtak i saka. Dette er fastsett i karantenelova § 9 første ledd.
I praksis vil du òg vere forhindra frå å ta del i sosiale aktivitetar hjå ny arbeidsgivar, til dømes sommar- og juleavslutningar, kurs, konferansar og liknande.
Forbodet gjeld ikkje administrative handlingar som er naudsynt for å etablere eiga næringsverksemd.
Endringar som er omfatta av informasjonsplikta etter karantenelova § 5 tredje ledd kan heller ikkje blir sett i verk før Karantenenemnda har handsama saka.
Sakshandsaming
Sakshandsamingsfrist
Karantenenemnda skal gjere vedtak innan to veker etter at nemnda har fått dei opplysningane ho treng for å gjere vedtak.
Fristen blir rekna frå det tidspunktet nemnda har fått dei opplysningane ho treng for å gjere vedtak i saka.
Fristen blir forlenga i disse tilfella:
- Karantenenemnda mottek opplysningar på ein laurdag, sundag, lovbestemt heilagdag eller høgtidsdag. Fristen blir då rekna frå fyrstkomande verkedag, sjå § 1 andre ledd i forskrifta til karantenelova.
- Når det er lovbestemte heilagdagar eller høgtidsdagar i den tida fristen på to veker gjeld, vert fristen forlenga med like mange verkedagar, sjå § 1 tredje ledd i forskrifta til karanteneloven.
Du skal få informasjon om når fristen blir rekna frå, og kva sakshandsamingsfrist som gjeld i di sak. Dersom du har spørsmål om sakshandsamingsfristen i di sak kan du ta kontakt med sekretariatet for Karantenenemnda.
Avgjerder frå Karantenenemnda
Forvaltningslova gjeld for nemnda si verksemd med dei særlege føresegnene som følgjer av karantenelova, sjå karantenelova § 3 første ledd.
Avgjerder frå Karantenenemnda er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.
Rettleiings- og teieplikt
Du har rett til å få rettleiing om karantenelova med tilhøyrande forskrift, praksis frå Karantenenemnda, og dine rettar og plikter etter forvaltningslova, sjå forvaltningslova § 11.
Sekretariatet gir rettleiing på vegner av Karantenenemnda.
Teieplikta for Karantenenemnda er fastsett i forvaltningslova § 13 og gjeld
- noens personlige forhold, eller
- tekniske innretninger og fremgangsmåter samt drifts- eller forretningsforhold som det vil være av konkurransemessig betydning å hemmeligholde av hensyn til den som opplysningen angår
Orientering om vedtak
Du skal få orientering om vedtaket «så snart som mulig», sjå forvaltningslova § 27. Det inneber i praksis at orienteringa skal givast med det same.
I orienteringa skal du mellom anna få informasjon om retten til å be om ei ny vurdering og om rett til innsyn i saksdokumenta.
Rett til å be om ny vurdering
Vedtak etter karantenelova kan ikkje klagast på, sjå karantenelova § 3 andre ledd.
Du kan be Karantenenemnda om å gjere ei ny vurdering av saka.
Fristen for å be om ny vurdering er fem dagar etter at vedtaket er motteke. Nemnda har då ein frist på fem dagar til å gjere ei ny vurdering.
Dersom du har fått vedtak om ein administrativ sanksjon etter karantenelova §§ 18, 19 eller 20, har du òg rett til å be om ny vurdering frå Karantenenemnda. Fristen for å be om ny vurdering er da tre veker etter vedtaket er motteke.
Søksmål
Du kan ikkje reise søksmål om gyldigheita av vedtak frå Karantanenemnda utan at retten til å be om ei ny vurdering er nytta og ny vurdering er gitt, sjå karantenelova § 3 femte ledd.
Innsyn og publisering av vedtak
Offentleglova gjeld for Karantenenemnda.
Alle vedtak frå Karantenenemnda blir publiserte her ei veke etter orienteringa om vedtaket er gitt.
Dersom du får vedtak om karantene
Godtgjering
Ein politikar som har fått vedtak om karantene, har rett til godtgjering i karantenetida, med unntak av dei tilfella som er nemnde i karantenelova § 8 andre ledd.
Nemnda har ingen oppgåver knytt til godtgjeringsordninga etter karantenelova.
Statsministerens kontor (SMK) har – som den tidlegare arbeidsgivaren til politikaren – ansvar for å utbetale godtgjeringa. SMK har òg ansvar for å gjere frådrag i godtgjeringa med heimel i karantenelova § 8 tredje ledd.
Alle vedtaka frå nemnda vert sende til SMK.
I karantenetida
Eventuell kontakt med din nye arbeidsgivar skal avgrensast til det som er naudsynt, til dømes praktiske forhold knytt til tiltredinga.
Dersom du får vedtak om saksforbod
Eit saksforbod er eit forbod mot at du involverer deg i bestemte saker eller saksområde. Dette omfattar mellom anna å øve påverknad, gi råd til eller opptre på vegne av andre og delta i sakshandsaming, møte eller forhandlingar.
Karantenenemnda kan òg gjere vedtak om saksforbod som i praksis er eit kontaktforbod mot bestemte departement og/eller underliggjande verksemder. Eit saksforbod som kontaktforbod skal redusere mistanke om at informasjon eller kontaktar blir nytta til fordel for den nye verksemda eller eiga verksemd.